Meny
Left field



Webcam in Scotland

Webcam Dublin


Dennis Locorriere


The rain is softly fallen
Upon my knees' bare
My Kilt is gently swaying
In the Highland morning Air









 





 
 

 
 
 
 
 
   
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
 
Kontaktar og møteplassar mellom folk frå Rogaland og Nordsjølanda på 1600- og 1700-talet.
Kysten av Rogaland, og vel særleg Karmøy, har gjennom tidene vore som eit vegkryss til sjøs: Det var her Nordvegen møtte Europavegen. Det var gjerne her dei utanlandske fartøya kom inn, også dei som skulle vidare nordover til Bergen. Nokre kom inn mellom Karmøy og Bømlo, men mange kom inn Boknafjorden og tok vegen gjennom det beskytta Karmsundet.

 

 

Sjøfolk på gjennomreise.

Kartfestinga av Nottehamn på tyske kart er berre noko av det som viser at dette må ha vore ei viktig hamn for hanseatane. Dei har brukt denne hamna – eller hamneområdet – som nattleige og som ein stad der dei kunne venta på bør. Samstundes kan dei også ha drive litt handel frå Nottehamn. I alle fall må bruken av denne hamna ha ført med seg kontakt med lokalbefolkninga her. På Hasseløy ligg elles ”Hansavågen”, eit namn som tyder på at hanseatane heldt hamn her. Namnet ”Bakarøy” kjenner me elles så tidleg som i 1620-åra, ei rimeleg forklaring på dette namnet at dette var ein stad dei framande skipa kunne proviantera og få ferske brød. [i]

 

På 1500-talet ser me at prestane på Avaldsnes dreiv ein slags gjestgivarverksemd.[ii] Men dei var nok ikkje åleine om dette: Langs heile leia frå Kopervik til Haugesund grodde det opp ei rekke lovlege – men truleg mest ulovlege – verksemder som skulle tena pengar på dei reisande.[iii] Det var kanskje ikkje så ofte at framande sjøfolk gjekk i land for å søka losji, men me kan rekna med at fleire gjekk i land for å ta seg eit krus øl eller ti medan dei venta på å få reisa vidare.

 

Frå midten av 1600-talet var det ei rekke slike gjestgivarar i Haugasundet eller på øyane Hasseløy, Risøy og Vibrandsøy. I tillegg kom mange som dreiv skjenkestover og kanskje litt overnatting utan løyve. Eit døme er Else på Hasseløy, gift med Søren skreddar. I 1662 blei det rettssak fordi nabokona Marit hadde dikta ei vise om Else, ei vise som ho hadde trua med å trykka i København. Visa handla om at Else forsynte seg av det reisande sjøfolk hadde i lommane.[iv]

 

Då det i 1795 var skifte etter ein av gjestgivarane på Kronå i Haugesund, var nettoformuen i buet heile 3500 riksdalar, noko som på den tida svarte til verdien av 500 kyr. I buet var det m.a. 46 liter Hamburger-brennevin til om lag 18 skilling literen, medan ølet kosta om lag 4 skilling literen.[v]  Det kan neppe ha vore sal og skjenking til folk frå nabogardane som hadde gjort denne gjestgivaren så velståande. Dette var den eine av to priviligerte gjestgivarar her på den tida.

 

Etter at tollstaden Nedstrand blei lagt ned i 1683, blei det oppretta tollstasjon i Karmsundet.

 

Ein gjennomgang av ubetalte leigarmålbøter i siste delen av 1600-talet og første delen av 1700-talet vil også visa at nokre av dei utanlandske sjøfolka må ha hatt nokså intim kontakt med delar av lokalbefolkninga.

 

Også på andre måtar kunne lokalbefolkninga ha nytte og glede av skipsfarten på Bergen: Hans Håland låg ute og fiska med Ola Grønningen då dei i 1719 oppdaga eit fartøy som trong los. Hans kappsegla med Jon Endresson Røvær, som også var los, til ein stad som låg 1 ½ mil til havs. Der borda dei eit fartøy frå Rostock, men det kom til tvistemål om kven som kom først, Hans eller Jon. Hans fortalde at han hadde blitt samd med skipperen om å losa skipet til næraste hamn og så vidare til Bergen. For dette skulle han ha 1 ½ dalar i lospengar til næraste hamn og 3 dalar vidare til Bergen.. Då Jon likevel fekk losinga, forlangte Hans å få Jon sine lospengar, tilsaman 4 ½ dalar. Dette var mykje pengar etter tilhøva den gongen, langt meir enn ei årsløn for ein tenar. For desse pengane kunne Hans kjøpa to kyr og eit par sauer, eller to færingar med segl![vi]

 

Det er uråd å gi noka kvalitetsvurdering av den kontakten som var mellom utanlandske sjøfolk som drog forbi og lokalbefolkninga langs leia. Presten Christen Houge i Håland, der den viktige uthamna Tananger låg, meinte i 1789 at folk der lærte mange unoter av alle sjøfolka dei hadde lag med. Særleg nemner han ovdrikk, men også at kvinnene var altfor yppige i klededrakten.[vii] Bymotar blant kvinnene på landsbygda var også eit særtrekk ved Rogaland som Ivar Aasen merka seg då han drog forbi her i 1844.[viii]

 

Me veit litt meir om kvantiteten når det gjeld skipsfarten. I åra fram mot 1650 ser talet på utanlandske skip som vitja Bergen ut til å ha vore om lag 200: Utanlandske skipsanløp i Bergen for tollåret 1634-35 var 186 slike anløp, i året 1640-41 208 anløp og året 1645-46 var det 183 anløp av utanlandske fartøy i Bergen.[ix] I 1768 blei det så utklarerte 360 utanlandske skip frå Bergen tollstad, men av desse var 216 frå Danmark og hertugdøma. Vidare var det 81 frå Storbritannia, 30 frå Holland, 26 frå Tyskland, 4 frå Frankrike og 3 frå Sverige.[x]

 

Skal me samanlikna med trelasttrafikken, hadde Ryfylke anløp av 38 utanlandske skip i 1567 og 104 i 1602-03. I første halvpart av 1600-talet var her 95 utanlandske skip i året gjennomsnitt.[xi] Nokolunde tilsvarande tal for Bergen er 24 utanlandske trelastfartøy i 1642-43,[xii] medan Sunnhordland hadde anløp av 42 utanlandske trelastfartøy i 1566-67, 80 i 1597-98 og 112 i tollåret 1610-11.[xiii]

 

Før me går vidare, må me nemna hummarhandeln med Holland, som engelskmennene etter kvart tok over. Her var hummarhamner både i Vatnamo, Tananger, Sjernarøy,  Åkrehamn, Torvastadhamn og Vågahamn.

 

Me bør også ta med at dei som blei skrivne ut til sjømilitær teneste gjerne var stasjonert i København i årevis.

 

Skottetida.

At tradisjonen om  ”skottetida” har levd blant folk heilt til i dag, er i seg sjølv eit vitnemål om at denne tida har vore viktig for folk i Ryfylke. Her vara skottetida frå midten av 1500-talet og til tollstaden Nedstrand blei lagt ned i 1683. I ytre Hardanger og Sunnhordland vara skottetida  lengre, og tollstaden Eldøyholmen på Stord blei først lagt ned i 1753.

 

På 1500- og 1600-talet blei det skipa ut store mengder trelast frå Ryfylke til andre land: Skorne furubord og furubjelkar til byggjemateriale, bandstakar av hassel til tønneband, ved og litt skipsmaterialer til master og pumper. I tillegg kom også mindre mengder vyrke til skaft og andre reiskap. Det var først og fremst skottane som henta denne trelasta, men hollendarar og frisarar spela også stor rolle. I tillegg kom tyske handelsbyar og fartøy frå Holstein.

 

Store delar av Ryfylke tok del i denne handelen, frå Høgsfjorden i sør til Førresfjorden i nordvest. Tyngdepunktet låg likevel frå Skjoldafjorden og innover, særleg gjekk det mykje frå Vindafjord-området og fjordsystemet Jelsa-Sand-Sauda. Her låg sagene på rekke og rad. Dei fleste av dei låg i sjøkanten, men i glanstida var det også sager fleire kilometer opp frå sjøen – med det ekstra transportarbeidet det førte med seg.

 

Skogen og trelasteksporten var på denne tida heilt avgjerande for busetnad og velstand i Ryfylke. Eilif Baustad på Nedstrand, som var ein av dei aller største eksportørane, kan t.d. tidleg på 1600-talet ha eksportert trelast for verdiar som var like store som om han hadde selt kring 50 kyr i året. Då er korkje smuglinga eller den lokale handelen rekna med.[xiv]

 

I Skottland var det særleg byane på nordsida av Firth of Forth som tok del i trelasthandelen på Ryfylke, men også lengre nord i Dundee og Tayside var deltakinga stor. Bakgrunnen for den skotske trelasthandelen var mykje den same som for den Hollandske: Deira eigen skog tok til å bli hogd ut, samstundes som dei nemnde byane gjekk gjennom ei økonomisk blømingstid.[xv]

 

Skottane betalte nok av og til med pengar, men helst bytte dei trelasten mot varer. Mest populært var kveitemjøl og kveitebrød, i tillegg til store mengder malt til ølbrygging. Litt rug kom til bygdene gjennom trekanthandel skottane hadde med Austersjø-området. Elles bytte folk i Ryfylke til seg sko, klede og brennevin frå skottane. På denne tida var flatbrød av havremjøl den vanlege brødmaten på våre kantar, men med skottehandelen blei det eit mykje større innslag av gjærbakst av kveite og delvis rug. Trelasthandelen gjorde såleis også at kosthaldet endra seg noko, truleg mest blant dei betrestilte og i festlege samkomer.[xvi]

 

Trelasthandelen har seinare sett spor etter seg i form av namn, som ”Skottesteinen”, ”Skotteflua”, ”Skottehabn”, ”Skottevika” og ”Kettlet”. Det siste namnet var skottane sitt namn på strandstaden Nedstrand, namnet finst ennå i tradisjonen som eit namn på sjølve bayen ved Stranda på Nedstrand.[xvii] Det blir elles fortalt at ei gamal kone i Imsland alltid skal ha sagt ”kan du beliva det?” i staden for ”kan du tru det?”.[xviii]

 

Her kom også ein god del utlendingar tilflyttande, mest skottar med namn som Thomas Bruce, Sander skott, Jon skott og William skott.[xix] Mest kjent i Ryfylke er vel likevel Henrik Blank, medan Andrew Smith slo seg ned i Stavanger. I einskilde slekter seier dei framleis at ”det raude håret har dei frå skottar som slo seg ned”.

 

Dei utanlandske fartøya låg og lasta to til tre veker, ei tid som nok blei nytta til meir enn arbeid. Kjennskap, venskap og ein smule kjærleiksliv fekk utvikla seg, men også konfliktar, uvenskap og eit og anna uønskt barn. Fleire av skipperane kom tilbake til dei same bygdelaga og dei same bøndene år og etter år. Dei frekventerte visse bygdelag og må ha kjent ein del av dei folka som budde der. Nokre må ha kjent kvarandre så godt at dei kunna stola på kvarandre, som då Ole Sandersen på Nedstrand i 1673 kausjonerte for 55 dalar – nok til å kjøpa 25-30 kyr – som Jacob Hunter frå Dundee skulda tollaren Erik Jørgensen for eit trelastkjøp.[xx]

 

Kontakten med Holland.

Hollendarane sin trelastfart på Ryfylke var mindre omfattande enn den skotske, men likevel viktig nok. Dei Hollandske fartøya kom oftast frå Amsterdam, men også mange av dei andre hollandske og frisiske byane kring Ijsselmeer var representerte, m.a. trelastbyen Hoorn.

 

Hollendarane var leiande innan skipsfart på denne tida, samstundes som deira eigen skog i stor grad var uthogd. Trelasthandelen på Norge skal ha spela ei avgjerande rolle for hollandsk næringsliv og økonomi. Mesteparten av denne handelen skjedde lengre aust i Norge, men Ryfylke er likevel ein del av biletet. Dei Hollandske lastene med trelast gjekk ikkje alltid til sjølve Holland eller Frisland, dei kunne like gjerne gå til Spania, Frankrike eller England, som også måtte innføra store mengder med trelast. Ein del av den Hollandske betalinga skjedde i form av klingande sølvmynt. I tillegg dreiv dei også byttehandel med matvarer som t.d. ost og brennevin.[xxi]

 

Den viktigaste rolla spelte likevel Holland som eit slag "Amerika" på 1600- og 1700-talet. Det var dit mange unge drøymde om å dra for å få arbeid. Amtmann de Fine skreiv i 1745 at unggutar frå landlegd-gardar heller ville vera ved sjøen og reisa utanlands med engelske og hollandske skip, enn å tena som landsoldatar.[xxii]

 

Det var stor trong for arbeidskraft i den blømande hollandske økonomien, eit arbeidskraftbehov dei berre kunne få dekka gjennom omfattande innvandring. Folk drog særleg frå Sørlandet, men også frå Sørvestlandet var utvandringa så stor at ho ga seg utslag i folketalsutviklinga.[xxiii] Ikkje minst var det lønsnivået som lokka: Kring 1720 skal ei månadsløn i Holland ha svara til ei årsløn heime.[xxiv] Eit døme frå 1711 tyder til og med på at ei tenestejente då kunne tena om lag 30 gonger så mykje i Amsterdam som i Bergen.[xxv]

 

”To typiske norske migranter ser vi for oss, sjømannen og tjenestejenta”, skriv Sølvi Sogner. ”De er ute en tid – noen år kanskje – for så å vende hjem igjen, eller kanskje for å dra videre til andre land. Noen er blitt ute for godt. Det må ha vært en glidende overgang fra ”trekkfugl” til permanent migrant.” Det Hollandske ordet på denne typen migrantar er ”passanten”.[xxvi]

 

Mange drog til Holland som mannskap eller passasjerar på hollandske fartøy som var på reist til Norge. I mars 1673 betalte husmannssonen Ola Rasmussen Geitaskjær i Årdal ein dalar i frakt for å få vera med Rotterdam-skipperen Peder Jakobsen til Holland, medan Stavanger-borgaren Tollef Andersen fekk hyre til Holland mot gratis kost om bord. Forsøket på utreise blei oppdaga, og Ola blei dømd til arbeid på Bremerholmen.[xxvii]

 

Gjennom tingbøker og skifteprotokollar får me ofte høyra om folk som hadde reist til Holland. Ein av dei var Jon Arentsen, som var døypt i Hinderå kyrkje 1731. Nokre år før 1762 drog han til Amsterdam, der han kalla seg Jonas Aarentsen. Som sjømann reiste Jonas til St. Eustatius i Vest-India, men døydde på tilbakereisa sommaren 1762. Sidan Jonas var ugift, var det slekta i Norge som arva han. Dei utnemnde eit ektepar busett i Amsterdam, Engel Monsdotter og mannen hennar, til å ta seg av familien sine rettar i det som måtte vera av arv etter Jonas.[xxviii]

 

Jakob Knutsen var fødd 1728. Kring 1757 reiste han frå Nedstrand til Holland, der han skifta namn til Jacob Coenraadt. Han gjekk i teneste for Det Aust-Indiske Kopaniet, men døydde ugift i 1760. Arvingane på Nedstrand fekk då firmaet Ole Kierulf & Co i Amsterdam til å ta seg av rettane i buet.[xxix] Jakob Knutsen hadde ein yngre bror, Nils fødd 1743, som også reiste til Holland og tok namnet Niels Coenders. I 1767 gjekk også han i teneste for det Aust-Indiske Kompaniet, men døydde på veg  til Aust-India i desember 1767. Arvingane heime i Norge fekk nå Joen og Laurentz Losbye, to kjøpmenn i Amsterdam, til å ta seg av det han måtte ha etterlatt seg i månadspengar o.l, arv etter broren Jacob Conrad eller saker som var tilbake i "sovestaden" hans hjå Jan Tønnesen Falkop.[xxx]

 

Folk kunne ha ulike grunnar til å dra til Holland. I 1720 fekk Lars Jørgensen Bang på Hasseløy i Haugesund barn med Karen Ellingsdotter. Lars skulle ha gjort opp for seg ved å betala 12 dalar til kongen sin kasse, men stakk av alt før Karen fødde. Han fortalde då at han aldri meir ville koma tilbake, og sidan hadde ingen heller sett han. Det blei fortalt at han hadde dratt til Vest-India, men i 1725 var det uvisst om han levde.[xxxi]

 

Brita Bjelland på Nedstrand hadde vore trulova og fått barn, men barnefaren drog kring 1664 til Holland, og etter det hadde han ikkje vore heime. Likevel gjekk Brita i februar 1668 framleis dagleg og venta på han.[xxxii]

 

”Det er åpenbart at i et par hundre års tid har nabolandet sør for Nordsjøen vært en nærværende realitet for folk på Sørlandet og Sør-Vestlandet”, skriv Sølvi Sogner. ”Trolig har dette naboskapet for dem vært følt sterkt, sannsynligvis sterkere enn naboforholdet til andre deler av hjemlandet eller til Danmark. Holland var mulighetenes land for mange.” [xxxiii]

 



[i] Langhelle, Arne, Langhelle, Svein Ivar og Østrem, Nils Olav: Gard og folk i Skåre. Haugesund 1999, II: 1156.

[ii] Lindanger, Birger: Presten og levevegne hans 1350-1700, i Langhelle, Svein Ivar og Lindanger, Birger (red.): Kongskyrkje ved Nordvegen. Olavskyrkja på Avaldsnes 750 år, Lokalhistorisk Stiftelse, 1999: 174.

[iii] Langhelle, Langhelle og Østrem, I: 494 og 600, II: 669, 773ff, 870, 982f, 1129ff, 1158f og 1170ff.

[iv] Langhelle, Langhelle og Østrem, II: 1158.

[v] Vorland 1998: 121 Vorland, Erling: Skifte etter Hans Sørensen Waage, gjestgiver i Haugesund og hustru Kirsten Lind. Årbok for Karmsund 1997-1998. Haugesund 1998.

[vi] Langhelle, Langhelle og Østrem, II: 730.

[vii] Lindanger, Birger: Sola og Madla  900-1800. Soga om Sola og Madla, I, Sola kommune 1980: 294, 300 og 590.

[viii] Ivar Aasen: Reise-Erindringer og Reise-Indberetninger 1842-1847. Ny utgåve 1990, s. 62.

[ix] Fossen, Anders Bjarne: Bergen bys historie, II. Borgerskapets by 1536-1800, Bergen 1995: 216.

[x] Fossen 1995: 626.

[xi] Lillehammer, Arnvid: The Timber Trade and the Ryfylke Farmers c. 1500-1700, i Timber and Trade, Lokalhistorisk Stiftelse 1999: 15.

[xii] Fossen 1995: 211.

[xiii] Fossen 1995: 212.

[xiv] Langhelle, Svein Ivar: Tysvær 8. Slik levde dei. Fram til 1820. Tysvær kommune, 1997(a): 123.

[xv] Langhelle 1997(a): 110.

[xvi] Langhelle 1997(a): 112.

[xvii] Det siste i fylgje opplysningar  av Sigmar Myhre, Nedstrand.

[xviii] Opplyst av Johan Lindal, Stavanger, i telefonsamtale med forfattaren i januar 2000.

[xix] Langhelle 1997(a):117.

[xx] Langhelle 1997(a): 117.

[xxi] Langhelle 1997(a): 107f.

[xxii].Bendix Christian de Fine: Stavanger Amptes udførlige Beskrivelse. Utgåve Stavanger 1987: 33.

[xxiii] Sogner, Sølvi: Ung i Europa. Norsk ungdom over Nordsjøen til Nederland i tidlig nytid. Oslo 1994: 15.

[xxiv].Johannes Elgvin: En by i kamp. Stavanger bys historie. Stavanger 1956, s. 258. Den same lønsforskjellen var det då i høve til England.

[xxv] Sogner 1994: 74.

[xxvi] Sogner 1994: 33.

[xxvii].Tingbok karmsund og Hesby 1673-1679, p 1a-4b.

[xxviii].Tingbok Ryfylke 1761-1766, p 154a-b.

[xxix].Tingbok Ryfylke 1766-1770, p 45a.

[xxx].Tingbok Ryfylke 1770-1776, p 2a-b.

[xxxi].Tingbok Karmsund 1725-1728, p 12a.

[xxxii].Tingbok Ryfylke 1668, p 2b.

[xxxiii] Sogner 1994: 16.

Right field













ann.sidsel@
gmail.com
 
Tlf: 95 70 31 09
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Scots wha hae wi' Wallace bled,

Scots wham Bruce ha' aften led,
Welcome to your gory bed,
Or to victorie!

Now's the day and now's the hour,
See the front o' battle lour;
See approach proud Edward's pow'r
Chains and slaverie!

Wha will be a traitor knave?
Wha can fill a coward's grave?
Wha sae base as be a slave?
Let him turn, and flee!
 
 
 
 
 
eXTReMe Tracker