Numedalsnett
Onsdag 18. juli   |     Du er her: Forsiden >
PrintStor suksess for noringane


Årets landskappleik i Trysil vart ein stor suksess for deltakarane frå Nore i spel, kveding og dans.

Tekst: Sigrun Blaavarp Heimdal



 
 
Kvart år vert det arrangert norgesmeisterskap i folkemusikk. Utøvarar i song, dans og spel samlast for å tevle, og i år var det omtrent 1500 startnummer som var klare i Trysil.

Thov Wetterhus visste nok ein gong at han er den beste i Noreg på munnharpe. Det er sjette gongen han vert norgesmeister.

Asgeir og Sigrun Blaavarp Heimdal vann dans hardingfele klasse B med numedalsgangar. Asgeir dansa òg med Hege Weseth i klasse A, og dei kom på 2. plass, 1 poeng frå fyrsteplassen.

Åshild Wetterhus song seg til ein flott 2. plass i vokal klasse B.

Bjørnar Blaavarp Heimdal deltok i både pardans, hallingdans og i spel. I pardansen dansa han med Marianne Årvik, dei kom på 7.plass. I hallingdans klasse A kom han på 3. plass, medan i spel hardingfele B vart det ein 17. plass.  

Det var god premiesanking på kappleiken, og enno kunne det ha vore med fleire noringar. Folkemusikk- og dans lev godt i Nore. Framover vil det vere fokus på rekruttering – alle er velkomne inn i eit inkluderande og morosamt miljø. Til hausten vert det ulike aktivitetar og arrangement. Info kjem.
 
Sigrun og Asgeir Blaavarp Heimdal. Vinnare i dans hardingfele klasse B
Thov Wetterhus, vinnar i klasse munnharpe senior
Marianne Årvik og Bjørnar Blaavarp Heimdal kom på 7. plass i dans hardingfele klasse B. Foto: Svein Aasen
Hege Weseth og Asgeir Blaavarp Heimdal. 2.plass i dans hardingfele klasse A
Bjørnar Blaavarp Heimdal hardingfele kl. B. han kom på 17. plass
Bjørnar Blaavarp Heimdal, hallingdans klasse A, 3. plass. Foto: Knut Utler
Åshild Wetterhus, kveding kl. B med 2. plass. Foto Svein Aasen
Aktiviteter neste syv dager:

TittelDag / TidStedKommuneKategori
Vis flere aktiviteter Vis faste aktiviteter Registrer ny aktivitet
Dagens ordtak
Dødsannonser
(Fra Aftenposten-krever logg inn)

Nore og Uvdal
Rollag
Flesberg
Kongsberg





Bursdager i dag
Numedal
Marius Rudi Sommer, Rødberg (44)
Ole Gunnar Skogli, Uvdal/Hønefoss (45)
Martin Glesne Granhaug, UVDAL (9)
Fornavn:

Etternavn:

Fødselsdato (dd.mm.yyyy):

Postnr:

Poststed:

E-post:

Kongsberg
Andre eller uspesifisert bosted
Jorunn Birgitte Gjessing Værnes, bl.a. Kongsberg... (40)
Ida Nygård, Kongsberg (18)
Harald Lislegård, Tunhovd (21)
Ole-Gunnar Skogli, Jevnaker (45)
Lokale portaler



Del bildene dine på Numedalsnett

Del informasjon i DIN LOKALAVIS !!

1. Send tekst på epost til Redaktøren eller på mobil til tlf 977 90 790
2. Bilder sendes på epost til Redaktøren eller på mobil til tlf 977 90 790
3. Skriv gjerne hvilken dag du ønsker at saken legges ut

Dette nettstedet eies og drives av Nnet.no AS.   Mobil 977 90 790
Postadresse: Nnet.no AS, Nore og Uvdal Næringspark, N-3632 Uvdal, NORWAY.
Ansvarlig redaktør:
Knut Morten Bjørnsrud
Redaktør: Knut Morten Bjørnsrud   Mobil 977 90 790    Epost: Redaktøren