Numedalsnett
Mandag 26. juni   |     Du er her: Forsiden > Venstre stolpe > Lokalmiljoet > Leserbrev >
Når kvardag vert hverdag
9. februar 2017
Fredrik Hope, nestleiar i Norsk Målungdom. Foto: Mia Holvik og Ole Gunnar Dybvik

LESERBREV
 
 
For litt sidan delte skulen i heimbygda mi ei lenkje til nettstaden foreldrehverdag.no på Facebook. Foreldrehverdag.no vert drifta av eit departement, og sjølv om sida verka som ein informativ nettstad, vart eg skuffa då eg klikka meg inn. Ingen av tekstane var på nynorsk.

På skulen der eg kjem frå har nynorsk vore opplæringsmål i over 100 år, og alle elevane har nynorsk som sitt språk. Sjølv om desse elevane er i fleirtal lokalt, er dei i mindretal nasjonalt. Nynorskelevar ser utruleg mykje bokmål i kvardagen, noko som gjer det vanskelegare å lære fyrstespråket sitt skikkeleg. Dette vert ikkje betre når statlege nettsider berre kjem på bokmål.

Foredrehverdag.no er ikkje ei side som rettar seg til elevane, men det er òg viktig at informasjon som går ut til foreldra kjem på rett språk. Storparten av foreldra til ungane på denne skulen er nynorskbrukarar. Dei treng som borna å sjå nok nynorsk i kvardagen til å halde fram som trygge nynorskbrukarar. 

Dette er ein av dei mange grunnane til at mållova finst. Lova krev at statsorgan som rettar seg til heile landet skal veksle mellom nynorsk og bokmål slik at båe språka vert nytta nok. Eg meiner at det er rettast at sider som foreldrehverdag.no finst i ein nynorskversjon og ein bokmålsversjon. Det er i alle fall ein start å få talet nynorsktekstar opp frå 0 til 25 prosent.

Det er ikkje greitt at staten pøsar på med bokmål inn i kvardagen til born og foreldre i nynorskland. Når staten støttar friviljuge organisasjonar som sender ut informasjon til skulane, må det skje på både nynorsk og bokmål. Staten jobbar for både nynorsk- og bokmålsbrukarar, og landet de er sett til å tene har både nynorsk- og bokmålsområde. I Noreg har foreldre både kvardag og hverdag ­– og det synst ikkje på foreldrehverdag.no. 

Fredrik Hope
Nestleiar i Norsk Målungdom
 
 
Tips en venn
Aktiviteter neste syv dager:

TittelDag / TidStedKommuneKategori
Jaktfeltskyting01.07   11:00BorgegrendNore og UvdalIdrett/Mosjon
Vis flere aktiviteter Vis faste aktiviteter Registrer ny aktivitet
Dagens ordtak
Dødsannonser
(Fra Aftenposten)

Nore og Uvdal
Rollag
Flesberg
Kongsberg





Bursdager i dag
Numedal
Ida Bekkeseth Hovd, Rødberg (24)
kristina skillberg kollbotn, lampeland (29)
Henry Berg, Uvdal (67)
Erlend Hammershaug Holt, Flesberg (22)
Gudrund Haug, Rødberg (80)
Fornavn:

Etternavn:

Fødselsdato (dd.mm.yyyy):

Postnr:

Poststed:

E-post:

Kongsberg
Therese Skurdal, kongsberg (32)
Britt-Iselin Beggerud, Kongsberg (21)
Andre eller uspesifisert bosted
Monica Rennehvaamen Mo, DRAMMEN (39)
Lokale portaler



Del bildene dine på Numedalsnett

Del informasjon i DIN LOKALAVIS !!

1. Send tekst på epost til Redaktøren eller på mobil til tlf 410 01 033
2. Bilder sendes på epost til Redaktøren eller på mobil til tlf 410 01 033
3. Skriv gjerne hvilken dag du ønsker at saken legges ut

Dette nettstedet eies og drives av Nnet.no AS.   Mobil 977 90 790
Postadresse: Nnet.no AS, Nore og Uvdal Næringspark, N-3632 Uvdal, NORWAY.
Ansvarlig redaktør:
Knut Morten Bjørnsrud
Redaktør: Gudveig Førle   Mobil 410 01 033    Epost: Redaktøren