PrintStadig aukande interesse for landbruksfag i vidaregåande skule
22. mars 2017
Illustrasjon. (Foto: G. Førle)
Utdanningsdirektoratet la tirsdag fram årets søkartal til vidaregåande skule.

Pressemelding


Den positive trenden med aukande interesse for landbruksfag på vidaregåande skule held fram. For tredje år på rad er det ei markant auke i talet på søkjarar som har programfaget naturbruk som sitt fyrsteval. I følgje Utdanningsdirektoratet har naturbruk den prosentvis største auken med 11 prosent frå 2016 til 2017, samanlikna med alle andre programfag i vidaregåande skule. I fjor var auken på 15 prosent. 

– Dette er svært gode nyheiter. Det er viktig å halde trykket oppe for å få elevar til å velje yrkesfag generelt, men også særleg at ungdom ser betydinga av å velje naturbruk. Auka interesse for landbruksrelaterte fag på vidaregåande nivå er med på å leggje eit godt grunnlag for rekrutteringa til næringa framover, og at landbruksnæringa kan få den kompetansen som trengs, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

 
Tips en venn